BLI MEDLEM
Søknadsfrist for medlemsopptak: 1. november.
Opptakskriterier for distriktsorganisasjonene i Norske Billedkunstnere (NBK):
https://www.norskebilledkunstnere.no/medlemskap-i-nbk /
Søknad kan sendast til Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane sin e-post: kontaktBKSF@gmail.com.
Søknaden skal innehalde inntil 10 bilete av kunstverk, CV og kopiar av vitnemål frå relevant utdanning. Søkjar må ha Master i Kunst, eller kunne dokumentere tilsvarande realkompetanse.
Søkjaren må elles sørge for å levere dokumentasjon om sitt kunstnarskap som viser at ho/han oppfyller opptakskriteria i linken til NBK (over).
I tillegg til bilete kan søkes sende beskrivelse av eige kunstnarskap og egen kunstnarisk aktivitet, prosjektbeskrivelser, omtalar og katalog. Kunstnarar som er medlem av Norske Billedkunstnere (NBK) gjennom ein fagorganisasjon treng berre sende med kopi av betalt kontigent til NBK for 2021.
Sjå også BKSF sine vedtekter:
§ 3: MEDLEMSKAP
§ 3-1. Skriftleg søknad om medlemskap stilast til BKSF sitt styre. Medlemskap kan oppnåast av profesjonell biletkunstnarar busette eller med tilknytning til Sogn og Fjordane, og som oppfyller opptaksvilkåra for distriktsorganisasjonane, vedtekne på NBK sitt Landsmøte. Medlemskap i BKSF medfører automatisk medlemskap i NBK.
§ 3-2. Medlemar skal betale kontingent til både BKSF og NBK. Kontingenten til BKSF blir fastsett av årsmøtet. Samla kontingent innbetalast til NBK. Nytt medlemskap kan berre oppnåast etter betaling av heile den skuldige kontingenten til BKSF og NBK. Ved oppnådd pensjonsalder skal ein berre betale halv BKSF-kontingent.
§ 3-4. Ved innmelding gir det enkelte medlem fullmakt til at BKSF kan forhandle om og inngå kollektive avtalar med myndigheiter og lokale brukarar i Sogn og Fjordane. Fullmakta er ikkje-eksklusiv.
§ 3-5. Medlemar som grovt motarbeider foreininga og medlemane sine felles interesser, kan ekskluderast eller utelukkast frå foreininga for kortare eller lengre tid. Vedtak om eksklusjon krev 2/3 fleirtal. Vedtaket kan appellerast til neste årsmøte. Styret kan i særskilde tilfelle avgjere at eksklusjonen ikkje blir iverksett før appellen er handsama.