Biletkunstnarane Sogn og Fjordane (BKSF) er ein fagorganisasjon for biletkunstnarar i Sogn og Fjordane. BKSF er ein av grunnorganisasjonane til Norske billedkunstnere (NBK).

Organisasjonen sine medlemmer er profesjonelle, yrkesaktive biletkunstnarar. Dei har gjennomført utdanning innanfor biletkunstområdet på mastergradsnivå, eller kan vise tilsvarande profesjonsnivå og kompetanse i sin kunstnariske praksis.

I styret for BKSF 2017/2018 sit styreleiar Aud Marit Skarrebo Holmen, nestleiar Karen Helga Maurstig og styremedlem Gerd Endestad. Inghild Sleire er vara.

Medlem blir på årsmøtet valde til ulike verv for å ivareta våre interesser som fagorganisasjon.