VIL DU SØKE UTSTILLINGSPLASS VED SFKM?

KVEN KAN SØKE?
Alle biletkunstnarar og kunsthandverkarar kan søke.
Om søknaden gjeld eit gruppeprosjekt, vil ein person måtte representere gruppa.
Vi oppmodar søkar til å legge fram prosjekt som ikkje har vore vist tidlegare og som er produsert innanfor dei siste 5 åra.

KORLEIS SØKE?
Søkaren er pliktig til å legge ved følgande dokumentasjon i EIT dokument (PDF, maks. 5 MB):

  • Administrative detaljar
    - Namn, addresse, telefonnummer og e-post adresse.
    - Nettsideadresse om ein har det.
    - Ein kortfatta CV (som òg inneheld fødselsår og stad).
  • Kunstprosjekt
    - Tittel
    - Detaljert omtale av prosjektet (maks 2 sider)
    - Liste over deltakarar om gruppeutstilling
    - Liste over kunstverk med foto eller ei direktelenke til verket på internett (maks 10 foto/lenker).

SØKNADSFRIST?
Søknadsfrist 31. oktober kvart år. Du vil få varsel om at søknaden er teke i mot og svar på søknaden innan 3 månader etter søknadsfristen.

Søknad sendast til post@sfkm.no og merkast med «Søknad utstillingsplass» i e-post emnefeltet.


Galleri Osebro AS
Storgata 174
Pb. 1122, 3905 Porsgrunn
Telefon: 35 55 30 66
Epost: info@galleriosebro.no

 

NÅVÆRENDE UTSTILLING Karen Helga_ Porsgrunn-1_bilder.jpg

 

NÅVÆRENDE UTSTILLING

14. October - 05. November 2017

Eventyrlige kontraster

Sarah Reed

For Sarah Louise Reed er ikke vakre ting noe som skal gjemmes bort til en spesiell anledning, men noe som skal brukes hver dag.

Sarah ble født av engelske foreldre i Reigate utenfor London, men vokste opp på Stord etter at hennes far fikk jobb i norsk oljeindustri. – Min morfar jobbet med skulptur i sin voksen alder, og det var skulptør jeg hadde tenkt å bli.  Sarah er Stordajente, men ønsket å følge røttene sine tilbake til England, og tok dermed sin keramikerutdanning ved Central St. Martins Academy. Hun bodde flere år i London, og fullførte keramikerutdanningen for 18 år siden.
Med så stor produksjon av bestilte varer til kunstbutikker, er det helt nødvendig å sette av tid til utvikling av nye konsept og til å leke seg med nye uttrykk, ”nytt er bra for psyken”, sier hun. Hvis hun ikke unner seg en måned eller to med slikt arbeid på ettervinteren, blir hun rastløs og frustrert. Hun velger å se bort fra trender, og er opptatt av å la ideene boble opp innenfra. Hun leser gjerne om teknikker og hun finner stor glede i å se hvordan andre kunstnere og håndverkere arbeider. – Jeg har tilbrakt mye tid i det landlige England, så jeg har er jo blitt blomstergal. Jeg henter mye av inspirasjon i fra naturen, men også fra gamle gjenstander, og tidligere epoker, forklarer Sarah.

– Da jeg begynte å bruke lønneblader, hendte det ofte at bladene knakk under tørking og ødela blad mønsteret i porselenet. En vinter oppdaget jeg at jeg ikke hadde nok lønneblader i fryseren, og for å løse dette tok jeg bladene av mens leiren fortsatt var ganske fuktig så jeg kunne bruke dem på nytt. Da så jeg at resultatet ble bedre enn før og at lyset skinte gjennom et mer vakkert avtrykk i porselenet, forteller Sarah, og holder en skål hun har laget tidligere opp mot lyset.

Hva er favorittdelen av prosessen? Svaret kommer klart og kontant: ”Å opna ovnen!” mens hun skotter bort på ovnen, som fremdeles summer og viser 650 grader. Spenningen ved å åpne ovnen og se resultatet er noe hun aldri blir lei av, og som fremdeles fyller henne med skrekkblandet forventning.

 

Trude Hisdal

Trude maler med akryl på lerret, figurative bilder i både store og små format. Tematisk er hun opptatt av  mennesket og naturen og finner inspirasjon i menneskets tilhørighet, slektskap og avhengighet av alt som lever, og kommunikasjonen mellom mennesker, dyr, planter og landskap. Hun opplever naturens skjønnhet som tilflukt og er urolig for truslene den står overfor. Bildene kretser også omkring ulike former for overganger; fra natt til dag, fra barn til voksen,  fra liv til død, -fra en tilstand til en annen.

Trude sier om arbeidet sitt: «Jeg ønsker å skape malerier som er vakre, men samtidig gåtefulle og med undertoner. Fargebruken er viktig og dypere budskap ligger i bruk av symboler, som blomster, dyr og landskap. Jeg er opptatt av den langsomme , håndgjorte prosessen som ligger bak hvert maleri. Under det endelige bildet ligger der en serie av andre bilder, og fordi jeg gjerne vil overraske meg selv har jeg ingen formening på forhånd om hvordan det ferdige maleriet skal bli. Maling er forskning i sinnet, bilder er et annet språk – bak ordene.

Jeg  flyttet til Rosendal i 2010 og den mektige naturen her og stemningene i blant annet baroniet sin hage er også med å prege maleriene mine».

 

Karen Helga Maurstig

Frå tida eg gjekk på  Kunst- og Handverkskole i Oslo på 80-talet har grafiske teknikkar vore grunnlaget for mitt kunstnariske virke. Dei siste ti åra, etter eit atelieropphald i Japan, har den japanske tresnitt-teknikken med vassbaserte fargar vore sentral i min kunstproduksjon. Eg er del av eit internasjonalt nettverk av kunstnarar og teoretikarar som utforskar den japanske tresnitt-teknikken. Målet er å ta vare på, og vidareutvikle teknikken som var i ferd med å forsvinne.

Eg er ikkje oppteken av å trykke opplag. Det handverksmessige, vekslinga mellom teknisk fagkunnskap og å ta vare på det spontane som skjer under sjølve prosessen,  pregar dei ferdige trykka. Eksperimentering og utforsking av moglegheitene i ei og same plate har er dermed ein viktig metode eg brukar for å kome fram til eit uttrykk. Ved å bruke teknikkar som krev kunnskap om handverket set eg også fokus på og stiller spørsmål ved den digitaliserte verda vi lever i. Arbeidsprosessen krev merksemd og ein tilstand av djup konsentrasjon. Ved å bruke «sakte» arbeidsprosessar problematiserer eg at menneskelig aktivitet påverkar landskapet. Det er i naturen eg finn biletmaterialet mitt. Detaljar vert til abstraherte former og strekar.

Eg gjer bevisst bruk av det uttrykket papiret har i komposisjonar – til dømes ved bruk av blindtrykk. Eg har brukt papir til bretta former og i skulpturelle artists’ books. Den sakte prosessen og den handverksmessige gjennomføringa som dei grafiske teknikkane krev, er viktige element i det ferdige arbeidet. Eg bruker ofte eit dempa fargepalett. Gråtonene oppstår gjennom prosessen av transparente fargesjikt som vert trykt lagvis. Uttrykket er ei blanding av konkrete observasjonar i naturen og visuell nedteikning av minne.



MÅNADENS KUNSTNAR på facebooksida til BKSF i september 2017 er Audgunn Holsen.

Sjå:https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/



VESTLANDSUTSTILLINGA 2017

åpnar i festsalen i Førdehuset (Førde), laurdag 2. september kl. 13.00

Utstillingsperiode: 02.09. – 24.09.17

Opningstider: Måndag/onsdag/fredag kl 1400-1700
            Tysdag/torsdag kl 1800-2000
Laurdag kl 1400-1600
Sundag kl 1600-2000

Skuleklassar og andre grupper etter avtale.

Opningsprogram:

Velkomst: Sunnfjord Kunstlag v/leiar Gunnstein Brakestad
Opning: Jurymedlem biletkunstnar Astrid Wittersø
Det vert musikalsk innslag og enkel servering

I år er Vestlandsutstillingen, med tittelen «Hvor har vi vært?», altså attende i Førdehuset, etter at Sogn og Fjordane Kunstmuseum nokre år har vore utstillingsarena.
Dette er den 95. Vestlandsutstillingen. Den er denne gongen juryert, med økologi og menneskeleg åtferd i naturen som eit gjennomgåande tema.
I utstillinga er 17 kunstnarar representerte med til saman 21 verk. Gjennom poetiske tilnærmingar, humoristiske tilsnitt og hypnotiserande installasjonar, konfronterer ulike kunstnarskap dei store miljøutfordringane som står framom oss.

Kvar har mennesket gått? Kva har vi etterlete oss?

Utstillinga er juryert av Heather Jones, Joakim Lund, Terese Longva og Astrid Wittersø.


SOMMARFEST PÅ SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM

Laurdag 26. august 2017 arrangerte BKSF og NKVN (Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge) fest på Kunstmuseet for medlemar av kunstnarorganisasjonane og for ansatte ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Festdeltakere på taket.jpg

Veret var strålande.

Fritjov.jpg

Fritjov Urdal viste rundt i utstillinga "Kropp og sjel"

Audgunn og Lillian.jpg
Dekket til fest Kafe Sobra.jpg

Eirun i Kafé Sobra hadde dekka til fest. Nydelig Tapas!

Mat og prat.jpg

Mat og prat. Fint å bli betre kjend med Kjartan Aa Berge, ny direktør for Musea i Sogn og Fjordane.

Alle fotoer frå sommarfesten: Astrid Wittersø


VEVRINGUTSTILLINGA 2017

Vevringutstillinga 2017.jpg

MÅNADENS KUNSTNAR på facebooksida til BKSF i august 2017 er ANITA EIDE.

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/




MÅNADENS KUNSTNAR på facebooksida til BKSF i JUNI 2017 er Maia Birkeland.

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/


MAIA BIRKELAND - DET VI HAR I LAG

DEL 1: BYLØA
- RÅDHUSPLASSEN 16.05 - 30.06.2017
- SFKM 05.07 - 15.10.2017
DEL 2: SUNNFJORD MUSEUM 17.06 - 15.10.2017
DEL 3: SFKM 05.07 - 15.10.2017
Opning onsdag 5. juli kl.18:30 ved SFKM i Førde. 

Maia Birkeland (1978) arbeider med tekstil, tekst, skulptur og installasjon. Ho er i år invitert til å gjere det 3-delte prosjektet ”Det vi har i lag” i Førde, fordelt på tre ulike stader; eit kunstmuseum, eit kulturhistorisk museum og i det offentlege rom. Tematikken er fortid – samtid – framtid. Utstillingane er produsert i samarbeid med Førdefestivalen, Førde Kommune og Sunnfjord Museum. 

Tysdag 16. mai opnar ”Byløa” på Rådhusplassen i Førde. Frå den strekkast det band til verk på Sunnfjord Museum (opnar 17. juni) og til ein heilt ny produksjon ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum (opnar 5. juli).

Maia Birkeland (1978) er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo og Glasgow School of Art, med mastergrad i Medium- og materialbasert kunst frå 2015. Gjennom tekstil, tekst, skulptur og installasjon arbeider ho med tematikk som krinsar rundt den gjensidige påverkinga mellom menneske – menneske, stad – menneske og menneske – stad.

www.maiabirkeland.no


MÅNADENS KUNSTNAR på facebooksida til BKSF i mai 2017 er ARILD BERGSTRØM.

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/


KROPP OG SJEL – BASISUTSTILLING

KUNSTMUSEET 20.04.17 - 02.09.18

Kunstverk og foto: Elisabeth Steen, "Uten tittel", 1986, div. material

Kunstverk og foto: Elisabeth Steen, "Uten tittel", 1986, div. material

"Kunstnarane har til alle tider vore opptekne av det som ligg oss menneske nærast; vår eigen kropp og sjel. Korleis har dei så skildra det fysiske skalet vi alle ber på? Korleis har dei klart å få fram sjela sine ulike tilstandar? Kunstnarane syner oss korleis vi opplever kroppane våre reint fysisk, men òg psyken må dei skildre gjennom den lekamen den er ein del av. Tidlege filosofar som Platon (ca. 428-348 f.Kr.) meinte at sjela berre mellombels var sameina med kroppen og at dei ved døden ville skilje lag. I og med at ein aldri har klart å finne empiriske bevis på at sjela kan skiljast ut som ein eigen del i kroppen, eller i frå kroppen, har moderne filosofar falle ned på at sinn og lekam ikkje kan skiljast."

Kurator: Ingrid Norum, konservator ved SFKM

Representerte kunstnarar:

Oddleiv Apneseth, Nikolai Astrup, Reidun Færøy Bergstrøm, Malvin Berqvam, Liisa Frydenlund de Corral, Guri Dahl, Elisabeth Dillingøen, Per Dybvig, Jan Egge, Finn Egil Eide, Ludvig Eikaas, Gerd Endestad, Ola Enstad, Steingrimur Eyfjord, Gro Finne, Thora Fredrikke Astrup Kühle Geelmuyden, Bente Geving, Hans Gjesme, Arna Grevstad, Laurie Grundt, Niclas Gulbrandsen, Johanne Marie Hansen-Krone, Jens Hauge, Bjørn Hegranes, Sveinung Iversen, Morten Steen Kaels, Ole Karlsen, Steinar Klasbu, Bjørn Krzywinski, Helge Krøvel-Velle, Bjørn Kvarstein, Victor Lind, Harald Lyche, Susanna Majuri, Tom Martinsen, Robert Meyer, Magnar Moen, Astrid Mørland, Therese Nortvedt, Torill Nøst, Bjørn Ransve, Ole Rinnan, Thorstein Rittun, Inge Rotevatn, Knut Rumohr, Jenny Marie Rydhagen, Edvin Skjerping, Astrid Skåtun, Kjartan Slettemark, Kåre Jan Solenes, Elisabeth Steen, Jan Steinum, Anne Lise Stenseth, Willibald Storn, David Een Sture, Camilla Søyland, Oddvar Torsheim, Magne Vangsnes, Johannes Vinjum og Arne Øhnell.

Sjå meir informasjon: http://www.sfk.museum.no/nn/node/286


MED SKJEMT OG VET - Tre folkekjære sunnfjordingar

EIKAASGALLERIET 01.04.17 - 15.10.17

Fridtjov Urdal, med foto teke av Oddleiv Apneseth, Kjartan Slettemark, Oddvar Torsheim og Ludvig Eikaas, 2001.

Fridtjov Urdal, med foto teke av Oddleiv Apneseth, Kjartan Slettemark, Oddvar Torsheim og Ludvig Eikaas, 2001.

I sommar syner Sogn og Fjordane Kunstmuseum ei utstilling med kunstnarane Ludvig Eikaas (1920-2010), Kjartan Slettemark (1932-2008) og Oddvar Torsheim (1938.

«Dei var og er klåre og særmerkte røyster i samtidskoret. Dei nyttar på kvart sitt vis humor og satire for å lokke oss inn i si verd. Men under skjemten så ligg vet, alvor og meiningsmot. I denne utstillinga vonar vi å få fram denne samklangen, trass ulikskap i utrykk og tema.»

kurator Fridtjov Urdal

Sjå meir informasjon på http://www.sfk.museum.no/nn/node/280


MÅNADENS KUNSTNAR på facebooksida til BKSF i april 2017 er BRITT SMELVÆR.

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/


MÅNADENS KUNSTNAR på facebooksida til BKSF i februar 2017 er ARNE BAKKE.

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/




Laurdag 14. januar opna Vestlandsutstillingen 2017 på Kabuso i Øystese.

Visningsplan for VU 17:

Kunsthuset Kabuso, Øystese: 14.01.-12.02
Kunstmuseet Kube, Ålesund: 24.02.-26.03.
Haugesund Billedgalleri/Haugesund Kunstforening, Haugesund: 28.04.-28.05.
Kunsthall Stavanger, Stavanger: 09.06. – 06.08.
Sunnfjord Kunstlag/Førdehuset, Førde: 02.09.- 24.09.

Karen Helga Maurstig og Aud Marit Skarrebo Holmen, frå Sogn og Fjordane, er to av 17 kunstnarar som viser verk på utstillinga.

Karen Helga Maurstig og Aud Marit Skarrebo Holmen, frå Sogn og Fjordane, er to av 17 kunstnarar som viser verk på utstillinga.


MÅNADENS KUNSTNAR på Facebooksida til BKSF i januar 2017 er JORUNN MULEN

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/



MÅNADENS KUNSTNAR på Facebooksida til BKSF i desemberber 2016 er SOL HALLSET

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/


Maia Birkeland

Maia Birkeland

Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH) sine stipend har som formål å styrke det regionale kunstfeltet i tilknyting til verksemda ved kunstsentra i Norge. Stipendet er eit produksjonsstipend som skal stimulere kunstnarleg verksemd i Sogn og Fjordane.

Tildeling av årets BKH-stipend går til kunstnaren Maia Birkeland (f. 1978). Ho er ein nyutdanna kunstnar som har vakse opp i Førde. I år har ho vorte invitert av Sunnfjord Museum og SFKM til å gjere prosjektet «Det vi har i lag» i Førde i 2017. Kunstnaren vil i det høve utvikle eit heilt nytt verk ved SFKM, med utgangspunkt i tematikken Fortid – Samtid – Framtid, med vekt på Framtid, og samstundes syne tidlegare produserte verk ved Sunnfjord museum og i Førde.

Innstillingskomitéen til stipendet er Kunstfagleg råd som er samansatt av ein representant frå Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, ein frå Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge og ein frå Sogn og Fjordane Kunstmuseum /Musea i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum og BKSF gratulerer Maia Birkeland med BKH-stipendet for 2016 på kr 100.000,-.


MÅNADENS KUNSTNAR på Facebooksida til BKSF i november 2016 er MAGNE VANGSNES

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/


MÅNADENS KUNSTNAR på Facebooksida til BKSF i oktober 2016 er JENS HAUGE

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/


MÅNADENS KUNSTNAR på Facebooksida til BKSF i september 2016 er                   MERETE HOL TEFRE

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/


Britt Smelvær har utstillingar i Danmark, som opnar i august 2016.


MÅNADENS KUNSTNAR på facebooksida til BKSF i august 2016 er Anne-Gry Løland

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/


MÅNADENS KUNSTNAR på BKSF sin Facebookside i juli 2016 er Nils Olav Bøe

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/


MÅNADENS KUNSTNAR på BKSF sin Facebookside i juni 2016 er ØYVIND BOTN

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/


Gruppa MIM, med fleire, har utstilling i Strømstad no

Nokre bilete til frå katalogen kan du sjå her:


Nå kan du søke Vestlandsutstillingen!


MÅNADENS KUNSTNAR I MAI 2016 ER MARIA HJELMELAND

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/


VISP har lagt ut "OVERSIKT RESSURSER SOGN OG FJORDANE" på ressurssida på si heimeside VISP.no


MÅNADENS KUNSTNAR I APRIL 2016 ER ÅGE STEINSET

Sjå: https://www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane/


Årsmøtet i BKSF vart halde 12. mars 2016.

21 medlem vart representert

Det nye styret: Styreleiar Aud Marit Skarrebo Holmen, Marius Molvær, Karen Helga Maurstig og vara Inghild Sleire.

Årsmøte har send følgjande fråsegn til Fylkesrådmann, fylkesdirektør for kultur, aviser i fylket, NRK Sogn og Fjordane, leiarar for fylkesparti og fylkestingsrepresentantane:

Fråsegn frå BKSF (Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane) sitt årsmøte 12.03.2016.

Kultur i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane som kulturfylke har både regionalt og nasjonalt hatt eit svært godt omdøme.

Kultur har stått tydeleg på kartet. Kultur omsluttar oss og fyller store deler av vårt tilvære, og må prioriterast. Det bygger opp om vårt særpreg og vår identitet.

Vårt øvste organ for kultur i fylket er Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Kulturavdelinga, med fylkesdirektør for kultur i spissen. BKSF, biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, har vore nøgd med, og tent med at vi har hatt ei eiga kulturavdeling og dei tenestene dei har levert. Vi har eit klart inntrykk av at anna kulturliv i vårt fylke har hatt same oppleving. BKSF meiner at viktige delar av kulturlivet ikkje kan målast i pengar, og kan aldri bli ein del av det tradisjonelle næringslivet. Etter eit reint administrativ vedtak, vart kulturavdelinga gjort om til ein seksjon under Næringsavdelinga, til «Næring og Kultur», med næring som første prioritet – med verknad frå 1. april 2016.

 Vi vil ikkje godta at Sogn og Fjordane, som det einaste av dei 4 vestlandsfylka, ikkje lengre skal ha ei eiga kulturavdeling. Då går ein baklengst inn i framtida.

 Noverande direktør for næringsavdelinga, blir ny direktør for avdelinga «Næring og Kultur». Men ein treng formell kompetanse, røynsle, forståing og interesse for kulturområdet for å kunne fremje og støtte kulturaktivitet. BKSF meiner at Fylkesrådmannen sitt vedtak vil svekke kulturlivet i Sogn og Fjordane. I tillegg vil det truleg kunne øydelegge for arbeidet med å få flytta delar av Kulturrådet sin administrasjon til vårt fylke. Det er eit dårleg signal til Norsk Kulturråd når Sogn og Fjordane nedprioriterer kultur ved å fjerne eigen kulturavdeling med eit pennestrøk. BKSF ber primært om at Fylkesrådmannen gjer om sitt vedtak, og opprettheld Kulturavdelinga i fylket som eiga avdeling. Sekundært ynskjer vi at gjennomføring av vedtaket vert utsett og at saka får ei brei politisk handsaming før ei eventuell iverksetting.

 BKSF krev at KULTUR framleis får ha ei eiga administrativ avdeling i Sogn og Fjordane fylke.

 

Årsmøtedeltakarar 2016                                                                              Foto: Astrid Wittersø

Årsmøtedeltakarar 2016                                                                              Foto: Astrid Wittersø

Sjå sak hjå NRK Sogn og Fjordane:

http://www.nrk.no/sognogfjordane/biletkunstnarane-krev-eiga-kulturavdeling-1.12853332

Saka hjå FIRDA:

http://www.firda.no/nyheiter/politikk/kultur/kulturfylket-prioriterer-ned-kulturen/s/5-15-191072

Tekst sitert:

Dei meiner kulturfylket prioriterer ned kulturen

Av HELGE JOHNSEN

Publisert:15. mars 2016, kl. 07:18

Biletkunstnarane ber om at samanslåinga av næring og kultur blir stogga.

 

– Kulturlivet blir svekt, meiner biletkunstnarane. Totalt representerte årsmøtet 21 bildande kunstnarar i Sogn og Fjordane. Fremst til venstre sit leiaren, Aud Marit Skarrebo Holmen. (Foto: Astrid Wittersø)

 

Fylkesadministrasjonens samanslåing av næring og kultur under same fylkesdirektør, vekkjer reaksjonar blant biletkunstnarane i fylket. I ei fråsegn frå årsmøtet sitt i helga ber BKSF (Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane) om at fylkesrådmannen må gjere om avgjerda si, og halde oppe kulturavdelinga i fylket som ei eiga avdeling. Kan ikkje dette oppfyllast, ønskjer dei at gjennomføringa av vedtaket skal utsettast og at saka får ei brei politisk handsaming, før samanslåinga eventuelt blir sett i verk.

Svekking

– Fylkesrådmannen sitt vedtak vil svekke kulturlivet i Sogn og Fjordane. I tillegg, vil det truleg kunne øydelegge for arbeidet med å få flytta delar av Kulturrådet sin administrasjon til vårt fylke. Det er eit dårleg signal til Norsk Kulturråd, når Sogn og Fjordane nedprioriterer kultur ved å fjerne si eiga kulturavdeling med eit pennestrøk, skriv BKSF i fråsegna.

– Biletkunstnarane i fylket har vore nøgd med, og tent med at vi har hatt ei eiga kulturavdeling og dei tenestene dei har levert. Vi har eit klart inntrykk av at anna kulturliv i vårt fylke har hatt same oppleving. Viktige delar av kulturlivet ikkje kan målast i pengar, og kan aldri bli ein del av det tradisjonelle næringslivet, hevdar biletkunstnarforeininga.

Dei meiner næringa no får førsteprioritet, når næringsavdelinga med eit reint administrativt vedtak blir gjort til ein seksjon under næringsavdelinga frå 1. april.

Einaste utan

Vi vil ikkje godta at Sogn og Fjordane, som det einaste av dei fire vestlandsfylka, ikkje lenger skal ha ei eiga kulturavdeling. Då går ein baklengs inn i framtida, skriv BKSF.

Leiaren i foreininga, Aud Marit Skarrebo Holmen, seier til Firda at samanvevinga med næring vil gjere kulturlivet mindre synleg og mindre viktig.

– Men finst det ikkje også mange vinn-vinn–situasjonar ein kan få til mellom kulturlivet og næringslivet?

– Dei kan nok tilføre kvarandre noko. Men det er det er meir sannsynleg at kulturen druknar i næringsinteressene. Kulturen har ein annan verdi enn det næringsmessige. Kulturen skal utvikle mennesket og livskvaliteten, seier Holmen.


Tid for å søkje Høstutstillingen: http://www.hostutstillingen.no/home/


MÅNADENS KUNSTNAR i mars 2016 er Sigrid Bjørkedal.
Sjå www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane?fref=ts 


MÅNADENS KUNSTNAR i februar 2016 er KARINA SIEGMUND. Sjå www.facebook.com/BiletkunstnaraneSognogFjordane?fref=ts 


27. januar ble avtroppande avdelingsdirektør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Morten Johan Svendsen, overraska med ein fin avskjedsfest i kafeen på Sogn og Fkordane Kunstmuseum. Mange av BKSF sine medlem var til stades.

Morten Johan Svendsen                                                                                                                                                                                   Foto. Astrid Wittersø

Morten Johan Svendsen                                                                                                                                                                                   Foto. Astrid Wittersø

Inn i mellom alle talene ble det òg tid for litt uformell konversasjon.                                                                                                           Foto: Astrid Wittersø                                                                                                                                                                                                                   

Inn i mellom alle talene ble det òg tid for litt uformell konversasjon.                                                                                                           Foto: Astrid Wittersø

                                                                                                                                                                                                                  

Fotografering, frå sidelinja.                                                                                                                                                                                Foto: Astrid Wittersø

Fotografering, frå sidelinja.                                                                                                                                                                                Foto: Astrid Wittersø

Ny avdelingsdirektør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Janne Katrine Leithe i prat med styreleiar i BKSF.                                     Foto: Astrid Wittersø

Ny avdelingsdirektør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Janne Katrine Leithe i prat med styreleiar i BKSF.                                     Foto: Astrid Wittersø



Bilde til Monstring 2015.jpg

MEDLEMSUTSTILLINGA MØNSTRING 2015

Sogn og Fjordane Kunstmuseum, 26.09.2015 - 17.01.2016.


"MØNSTRING er ei medlemsutstilling for Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF) og dei medlemane av Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge (NKVN) som er busett i fylket. Utstillinga er ei vidareføring av BKSF-VÅRutstilling, som har vore arrangert sidan 2005, og KUNSTSF2012, som var den største presentasjonen av regional samtidskunst nokon gong, arrangert i samband med opninga av Sogn og Fjordane Kunstmuseum i 2012. Sogn og Fjordane Kunstmuseum har mellom anna som formål å informere om arbeidet til kunstnarane i fylket. MØNSTRING viser kva kunstnarane til ei kvar tid arbeider med og er opptekne av. Arbeida skal vere laga dei siste tre åra og MØNSTRING skal arrangerast kvart tredje år. Kunstnarane bestemmer sjølv kva for verk dei vil presentere på utstillinga; dei kan levere inn eitt arbeid og vere med å avgjere korleis verket best kan presenterast. Som ei medlemsutstilling utan jury og med fri innlevering speglar MØNSTRING eit mangfald av uttrykk, teknikkar og material. 36 kunstnarar deltek med eit arbeid kvar. Eldste deltakar er Agnes Bjørbæk, som med sine 93 år deltek med eit arbeid frå 2015. Nokon har delteke tidlegare, medan andre er unge og nye og deltek for første gong. Det regionale kunstlivet vert karakterisert av mangfald og vitalitet. Sogn og Fjordane Kunstmuseum er stolt over å kunne vise fram kva kunstnarane i fylket arbeider med. Det er blitt både ei vakker og interessant utstilling!"(Sitat frå Sogn og Fjordane Kunstmuseum sin presentasjon av utstillinga.)

Nettsida til Kunstmuseet: www.sfk.museum.no